🐈 Myrmel kattepensjonat
Nytt og moderne – med utsikt over Storehesten (Kvamshesten)
Om kattepensjonatet
Vi har utvida tilbodet og opna eit nytt kattepensjonat. I dei store katteromma er ein stol, klatretre, mat, do og leiketing. Frå rommet har kattane tilgang til luftegard. Frå vinduskarmen og luftegarden vil dei ha utsikt over bygda og Storehesten (Kvamshesten).
I luftegarden er det òg klatretre, hageplanter og ein gråsteinsmur. Kattepensjonatet ligg ca. 50 meter frå hundepensjonatet og er skjerma for både innsyn og støy frå hundane.
Ting plass – Kontakt oss
Praktisk informasjon
🎫 Vaksinasjon
Du må ha med gyldig vaksinasjonsattest når du leverer katten.
🕐 Levering og henting
Vi tar normalt ikkje mot kunder før frå kl 09.30 på kvardagar, frå kl 11 på laurdagar og frå kl 12.00 på søndagar.
Då våre kundar ofte er langvegsfarande, prøver vi å vere fleksible når det gjeld åpningstider. Det er imidlertid svært viktig at tid er avtalt på førehand og at eventuelle endringar varslast fortløpande.
For levering/henting etter kl 21.00 blir kunden belasta med eit gebyr på kr 100,- for kvar påbegynte time. For at vi skal kunne gjere ein best mogleg jobb med katten din, vil eit notat med div. opplysningar vere til stor hjelp. Dette kan leggast saman med vaksinasjonskortet.

🎒 Ting og tang
Ta gjerne med teppe, kurv e.l. slik at katten har noko frå heimen på rommet. Leiker går òg bra.
🍽 Mat
Du tar sjølv med den mat som katten er vand med til vanleg. Ha den i eigna embalasje, helst boks/spann. Merk emballasjen tydleg med ditt og kattens namn og evnt. mengde pr. dag.
🏥 Veterinær
Viss katten skulle bli sjuk eller skada under opphaldet, vil veterinær bli kontakta. Evt. utgifter må betalast av katteeigar med mindre Myrmel kattepensjonat er skuld i utgiftene.
Prisar
Same pris heile året – ingen tillegg for helg, helligdagar eller feriar.

