Hagen vår
Eg har valgt eit yrke og næring som krever at eg bruker det meste av mi tid her heime på garden. For å kunne ha ein hobby måtte det bli noko eg kunne gjere her heime, og då var planter og hagearbeid noko eg ville bruke av mi tid på. Sjølve gardstunet er inngjerda med eit hjortegjerde noko som er heilt nødvendig hvis ein skal ha eit større utvalg i hagen. Arealet innafor hjortegjerdet utjer ca 3 - 4 mål.
Det har over dei siste tjue åra blitt planta ca. 300 planter av ulikt slag. Her er blant anna planta ca. 20 rhodendroner, ca. 25 rosetre, ca. 30 tujaer og sypress, ymse lauvtre, hekk, fruktre, bærtre og ein masse andre planter. Nedanfor kan du sjå diverse bilder frå hagen. Fleire bilder vil bli lagt inn etter kvart. Eg regner meg som amatør innafor hagearbeid og tar gjerne imot råd frå andre hageeigarar.
Alle bed er anlagt med fiberduk for å hindre ugress og derved redusere vedlike-haldet. Over duken ligger eit lag med singel. Eg føretrekke lys singel av litt størrelse. Den lyse singelen vil gje ein fargevariasjon avhengig av veiret. lyst i sol og opphaldsveir - mørkare i regn. Her er laga fleire hundre meter med slike bed men langt frå alt er beplanta. Det er svært viktig at singelen blir vaska før den legges ut for å unngå oppspiring av ugras.
Ove Myrmel
<< Vis forrige bilde | Til gallerioversikten | Vis neste bilde >> |
Kvar gjer ein med ein stein som er for tung å flytte? Plant roser rundt og bruk den til å sitte på. Zuzanna i lag med Sico, Mayca og Tuttsi |