🌿 Inn på tunet
Meiningsfulle tilbod for ungdommar med særlege behov
ℹ️ Av kapasitetsomsyn har vi måtte redusere vesentleg vårt tilbod innafor Inn På Tunet fram til 2016.
Mange menneske har i dag trong for spesielle tiltak for at dei skal meistre kvardagen og/eller skuledagen på ein god måte. Dei treng kanskje anna oppfølgjing, andre buforhold, alternativ skule m.m. Eller det kan vere at nokon treng ein annan plass å bu enn hos sine biologiske foreldre.
Vi har erfaring i arbeid med AD/HD-ungdommar og kan tilby følgjande hos oss:
Ta kontakt for meir informasjon
Kva vi tilbyr
Bustad og heim
Ein trygg og stabil heim for lengre og kortare tid. Butrening i eigen, mindre bustad.
Gardsdrift og dyr
Variert praktisk arbeid som naturleg fell inn under gardsdrifta. Arbeid med hundar, kattar, kaninar og andre smådyr. Gjennom avtale med nabo: kyr, kalv og hest.
Alternativ skulegong
Vi skreddarsyr skuleløysing – både praktisk og teoretisk – i kvart enkelt tilfelle.
Friluftsliv
Stølshus med flotte moglegheiter for turar sommar og vinter, fiske, bærturar m.m.
Motoraktivitet
Vi har bil, traktor, gravemaskin, 4-hjuling, slåmaskin og plenklippar. Mange ungdommar er interessert i køyretøy med motor.
Aktivitetar og turar
Belønningssystem, reiser/turar og ulike aktivitetar tilpassa den einskilde.





