🐕 Myrmel hundepensjonat
I drift sidan 1991 – offentleg godkjent av Mattilsynet
Generelt
Myrmel hundepensjonat har vore i drift sidan 1991 og er offentleg godkjent. Mattilsynet som er staten sitt kontrollorgan, skal inspisere pensjonatet minst ein gong i året. Vi har plass til ca. 30 hundar, der kvar hund har sitt eige rom. Pensjonatet har mekanisk luftveksling og varmekablar i golvet i hunderomma.
Tryggleik
Det luft og plass nok til alle typar hundar på Myrmel. Den nye luftegarden er på over 1000 kvm og gjerda i luftegardane er 3,5 meter høge, noko som hindrar einkvar moglegheit for rømming. I tillegg er hundepensjonatet utstyrt med røykvarslarar som er kobla opp mot hovudhuset med både innvendig og utvendig alarm.
Vi har ikkje hatt tap av hunder grunna rømming. Det er imidlertid viktig at halsreimer/seler er av god kvalitet og at hunden ikkje kan komme fri av desse på eventuell turgåing. Det er kundens ansvar at desse tinga er i orden.
Kira og Torry i luftegard ein vinterdag
Sjukdom
Hunder kan bli smitta av sjukdommar overalt, også i dyrepensjonat. Det er heldigvis sjeldant, men som kunde bør du vere merksam på følgjande:
Kennelhoste
Influensa som kan ramme hundar sjølv om dei er vaksinerte. Opplevast som hyppig hosting. Kontakt veterinær om hunden blir dårleg ut over hosten.
Nesemidd
Det er ikkje vaksinering mot nesemidd. Opplevast som hyppig nysing. Må behandlast av veterinær.
Lus
Vi har kun hatt eitt kjend tilfelle her på tjue år.
Diaré
Kan oppstå av ulike årsaker som fórskifte, stress eller endra bakteriologisk miljø. Kan òg oppstå etter at hunden er komen heim.
Som hundeeigrar må du ikkje levere sjuke hundar til dyrepensjonat med mindre veterinær seier at det er ok. Oppstår det sjukdom mens hunden er hos oss, tek vi kontakt med deg. Det er viktig at du kontaktar oss i tilfelle hunden blir sjuk kort tid etter at den har vore her.
Hundar som kjem frå utlandet
Hundar som er tekne inn frå Øst-Europa og Sør-Europa vil av smittehensyn ikkje kunne tas imot med mindre dei har budd i Noreg i lang tid, og kontroll hos norsk veterinær har bekrefta at hunden er smittefri. Norske hundar som har vore på reise i dei same områda vil falle inn under same praksis. Ta kontakt i tilfelle spørsmål.
Praktisk informasjon
🎫 Vaksinasjon
Du må ha med gyldig vaksinasjonsattest når hunden vert levert hos oss. For sommarsesongen skal alle hundar i tillegg vere behandla med flåttkur. Dette kan du gjere sjølv eller så ordnar vi det ved ankomst.
🕐 Levering og henting
Vi tar normalt ikkje mot kunder før frå kl 09.30 på kvardagar, frå kl 11 på laurdagar og frå kl 12.00 på søndagar.
Då kundane våre ofte er langvegsfarande, prøver vi å vere fleksible når det gjeld åpningstid. Det er imidlertid svært viktig at tid er avtalt på førehand og at eventuelle endringar vert varsla straks.
For levering/henting etter kl 21.00 blir kunden belasta med eit gebyr på kr 100,- for kvar påbegynte time.

🏠 Eige rom
Kvar hund får sitt eige rom den tida den er hos oss. Har du fleire hundar, får desse sjølvsagt bu i lag. Dei fleste romma er mellom 2-4 kvm. Romma har veggar som hindrar innsyn og kontakt med nabohundane.
🎒 Ting og tang
Ta gjerne med noko hunden kan ligge på. Det må imidlertid vere enkelt å reingjere. Liggeunderlag i tøy og stoff vil bli kasserte om hunden har eit «uhell» på rommet sitt. Leiker går også bra.
🌿 Lufting
Hundane vert lufta tre gongar i døgnet i store utgardar med naturleg underlag. Viss vi har hundar som passar godt saman, lèt vi to hundar gå i lag, hann og ho.

🍽 Mat
Du tar sjølv med den mat som hunden er vand med til vanleg. Ha den i eigna embalasje, helst boks/spann. Merk emballasjen tydleg med ditt og hundens namn og evnt. mengde pr. dag.
🏥 Veterinær
Om hunden skulle bli sjuk eller skada under opphaldet, kontaktar vi veterinær. Eventuelle utgifter vil bli belasta hundens eigar med mindre Myrmel hundepensjonat er skuld i hendinga.
💊 Medisinering
Det må opplysast om løpetid eller venta løpetid ved bestilling/levering. Skal hunden din ha medisin eller anna behandling, kan vi ta oss av dette når hunden er hjå oss.
🚗 Parkering
Skal du ut å reise med buss eller fly, har vi god plass til parkering av bilar. Parkeringsavgift kr 50,- pr. døgn.
Prisar
Same pris heile året – ingen tillegg for helg, helligdagar eller feriar. Alle prisar inkl. 25% mva.
For opphald ut over tre veker, eller for fleire enn to hundar, avtalast prisen særskilt.

