Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

Myrmel kattepensjonat

Vi har utvida tilbodet og opna eit nytt kattepensjonat. I dei store katteromma er ein stol, klatretre, mat, do og leiketing. Frå rommet har kattane tilgang til luftegard. Frå vinduskarmen og luftegarden vil dei ha utsikt over bygda og Storehesten (Kvamshesten). I luftegarden er det også klatretre, hageplanter og ein gråsteinsmur. Kattepensjonatet ligg ca. 50 meter frå hundepensjonatet og er skjerma for både innsyn og støy frå hundane.

Vaksinasjon:
Du må ha med gyldig vaksinasjonsattest når du leverer katten.

Levering og henting:
Vi tar normalt ikkje mot kunder før frå
kl 09.30 på kvardager, frå kl 11 på
laurdagar og frå kl 12.00 på søndagar.

Då våre kunder ofte er langvegsfarande, prøver vi å vere fleksible når det gjelder åpningstider. Det er imidlertid svært viktig at tid er avtalt på førehand og at eventuelle endringer varslast fortløpande. For levering/henting etter kl 21.00 blir kunden belasta med eit gebyr på kr 100,- for kvar påbegynte time. For at vi skal kunne gjere ein best mogleg jobb med katten din, vil eit notat med div opplysninger vere til stor hjelp. Dette kan leggast saman med vaksinasjonskortet.


Ting og tang:

Ta gjerne med teppe, kurv e.l. slik at katten har noko frå heimen på rommet. Leiker går også bra.

Mat:
Du tar sjølv med den mat som katten er vand med til vanleg. Ha den i eigna embalasje, helst boks/spann.  Merk emballasjen tydleg med ditt og kattens namn og evnt. mengde for pr. dag.

Veterinær:
Hvis katten skulle bli sjuk eller skada under opphaldet, vil veterinær bli kontakta. Evt. utgifter må betalast av katteeigar med mindre Myrmel kattepensjonat er skuld i utgiftene.

Prisar i kattepensjonatet:
For å gjere det så enkelt som mulig angåande priser, så tar vi ikkje tillegg for helg, helligdager, ferier mm. Vi kjører samme døgnpris året gjennom for å gjere det oversikteleg for deg som kunde.

  • Opphald i kattepensjonatet kostar kr 250,- pr døgn.
  • For opphald ut over 14 dager gir vi 10% rabatt.
  • Ved fleire kattar frå same eigar kostar det kr 50,- pr. dag pr. katt ut over 1. katt.
  • Levering/henting etter kl. 21 kjem eit gebyr på kr 100,- pr. påbegynte time i tillegg.

Parkering:
Vi har god plass for parkering av bilar. Parkeringsavgift kr 50,- pr døgn. 

Del denne siden med andre!

Share on FacebookShare on Twitter

Personvernerklæring

Logg inn