Inn på tunet
Av kapasitetshensyn har vi måtte redusere vesentleg vårt tilbod innafor Inn På Tunet fram til 2016.
Mange mennesker har i dag trong for spesielle tiltak for at dei skal meistre kvardagen og/eller skuledagen på ein god måte. Dei treng kanskje anna oppfølgjing, andre buforhold, alternativ skule m.m. Eller det kan vere at nokon treng ein anna plass å bu enn hos sine biologiske foreldre. Vi har erfaring i arbeid med AD/HD ungdom og kan tilby følgjande hos oss:
- Ein trygg og stabil heim for lengre og kortare tid.
- Butrening i eigen, mindre bustad.
- Variert praktisk arbeid som naturleg fell inn under gardsdrifta.
- Arbeid med hundar, kattar, kaniner og andre smådyr.
- Gjennom avtale med nabo kan det arbeidast med større dyr som kyr, kalv og hest.
- Alternativ skulegong der vi skreddarsyr skuleløysing, både praktisk og teoretisk, i
kvart enkelt tilfelle. - Stølshus med flotte moglegheiter for friluftsliv som turar både sommar og vinter, fiske, bærturar, m.m.
- Erfaringsmessig så er mange ungdommar interessert i køyretøy med motor. Vi har bil, traktor, gravemaskin, 4-hjuling, slåmaskin, plenklippar m.m.
- Belønningssystem.
- Reiser/turar.
- Ulike aktivitetar.
Ta kontakt for nærare informasjon.
Kva med ein fjelltur?